Magic Magasin

Norges største alternative magasin på nett. Her finner du mye interessant lesestoff som kan være til stor inspirasjon, samt alt det spennende og uforklarlige som finnes mellom himmel og jord.

Å komme heim

Eit av mine første og beste møter med den åndelige verden er mange år tilbake i tid.

Det var i ein krevende fase i livet der ”flashback’er” stod i kø, som eit resultat av fortrengte traumer frå barndommen. Historia og situasjonen var såpass tøff at min måte å skjerme meg på, og også starte bearbeidingsprosessen, var å trekke meg vekk frå mange i min familie og oppvekstmiljø. Ikkje noko lett valg, men heilt nødvendig. 

I min midlertidige innkvartering har eg det ekstra tøft ein dag, kjenner meg einsam og identitetsløs. Har nådd alle smertegrenser, og er djupt fortvila. Men så er det noko som fangar merksemda mi, over hovudet på mi høgre side. Ikkje noko fysisk eg kan sjå, men meir ein fornemmelse av nærvær og kontakt. Det var ikkje skremmande, kjente på ein ro, og prøvde å fokusere betre. Eit namn blir formidla til meg; etternamnet til to av mine tippoldeforeldre, det opprinnelige slektsnamnet på min far si slekt. Dette var aner langt tilbake i tid som eg viste lite om. Energien og kontakten vart tydeligare, og det neste som blir formidla til meg er orda «arbeidsglede» og «kreativitet».  

I det eg tok imot desse orda, gikk det eit lettelsens sukk gjennom meg, «arbeidsglede» og «kreativitet», det kan eg identifisere meg med! Endelig noko eg kan kjenne meg heime i, eigenskapar eg hadde høyrt mine forfedre hadde, og som denne slekta var kjent for. 

Ønsker du å vite mer? Snakk med en klarsynt fra Magic Circle

Medan eg sit der i sofaen og lar denne opplevinga synke inn, så blir eg merksam på eit liknande nærvær over meg på venstre side. Det eg «ser» og fornemmer er ei sterk og kjærlig hand som rekker ned mot meg. Eg strekke meg mot handa, og registrerer at heile den sammensunkne kroppen min retter seg opp, samtidig som eg kjenner ein kraftig energi går gjennom heile ryggsøyla mi. Eg kan røyse meg, har fått håp og ny tilhørighet.  

Kontakten er oppretta, og vil alltid være der. Dei trådde til som familie når eg trong det som mest. Eg fikk oppleve å bli «vugga» som eit barn av tippoldemor, ein kjærleik så sterk og trygg, og det gav meg kjensla av å få tilbake ein tapt barndom. Dei viser seg til meg frå kjøkkenet sitt når dei tar kontakt med meg. Der nynner og hygger dei seg medan arbeidet går lett, eit nærvær og ein stemning som eg blir ein del av. Der kan eg søke ly når eg treng det. Eg fikk til slutt det koselige kjøkkenbordet å komme til som eg lengta så etter i mange år.

Etter ei tid var det riktig for meg å skifte til det etternamnet dei bar. Det var som å komme heim.

Tips en venn på e-post